Klekkeriet si historie av Kjersti N. Finne og Geir Ove Henden
Historisk bakgrunn og utvikling fram til idag
Voss Fiskarlag vart skipa 5. april 1929 med føremål å setja ut fisk i fisketomme og fiskefattige vatn, og elles gjera viktig kultiveringsarbeid. Det vart også gjort vedtak om å arbeida for å fremja laksebestanden. Laget starta opp same hausten med klekkeri, og har på ulike lokalitetar produsert yngel av fjellaure, sjøaure og laks fram til 70-åra.
I løpet av 30 år, perioden 1949 til 1978, har det vore sett ut over 4,4, millioner lakseyngel. Dette utgjer i snitt nesten 150 000 årleg. I 1964 vart det produsert heile 455 000 lakseyngel (Voss Jeger- og Fiskarlag, 1979). Voss Jeger- og Fiskarlag og lokale lag har hatt klekkeridrift på Tvildemoen, i Rognsfossen, ved Palmafossen, i Skulestadmoen og på Bulken. Vasskjelde har vore eit problem undervegs, og Voss Jeger- og Fiskarlag hadde allereie i 1978 planar om eit nytt klekkeri / fóringsanlegg.
Nytt klekkeri
På grunn av nedgang i laksebestanden utover 80 åra, og frykt for negative konsekvensar av dei planlagte anleggsarbeida med ny stamveg og senking av Vangsvatnet, tok Voss Jeger- og Fiskarlag (VJF) initiativ til nytt klekkeri. I konsesjonsvilkåra til BKK er det teke med at kraftutbyggjar kan bli pålagt å bygge og drive klekkeri i vassdraget. Dette var bakgrunnen for at planlegging av klekkeri kom i gang.
I 1987 vart det sett ned ei nemnd i VJF med fylgjande personar; Ståle Kvarme, Birger Berge, Per O. Stafnes, Aslak Himle, Jon Arvid Himle og Ole Kr. Skorve, for å planleggje nytt klekkeri (Voss Jeger- og Fiskarlag 1988). Søknad om midlar vart sendt til DN i 1988. Søknaden vart i fyrste omgang avslegen. Jon Arvid Himle og Ole Kr. Skorve reiste på møte med DN i Trondheim for å forhandla om framtidig stønad. Det vart gjeve positive signal om dette på møtet, og planleggingsarbeidet heldt fram med sikte på byggestart våren 1989. VJF fekk sjølveigande tomt av Voss kommune. Planleggingsarbeidet vart lagt fram for årsmøtet i VJF i 1988. Etter dette vart plannemnda utvida med fiskeforvaltar hjå fylkesmannen, Øyvind Vasshaug, og miljøvernleiar i Voss kommune, Gunnar Bergo.
Det store gjennombrotet kom på eit møte på Evanger med representantar for elveeigarane frå heile den lakseførande delen av Vossovassdraget (Voss Jeger- og Fiskarlag 1988). VJF la fram sine planar om det førebuande arbeidet, og fiskeforvaltar Vasshaug la vekt på den viktige beredskapen det var å etablera klekkeri på Voss. Det vart full semje om planane. Møtet resulterte i at det vart oppretta eit interimstyre for det vidare arbeidet. Fylgjande lag var med; Vangsvatnet grunneigarlag, Bulken-Evanger elveeigarlag, Evangervatnet grunneigarlag, Evanger Nord (Teigdalen) grunneigarlag, Bolstadelva grunneigarlag og VJF.
Finansieringa til klekkeriet kom på plass i 1989. Dei som bidrog med midlar var Direktoratet for naturforvaltning, Bolstadøyri Elvefond, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Landbrukets Utbyggingsfond, BKK og Voss kommune.
Voss Energiverk utførte det meste av grunnarbeidet på tomta. Tømrarlinja ved Voss yrkesskule stod for snikkararbeidet. I tillegg kom mykje dugnadsarbeid. Planlegging av vannbehandling og andre viktige tekniske installasjonar vart utført av konsulentfirma. Klekkeriet vart etter ein hektisk byggeperiode klart til fyrste stamfiske og rogninnlegg hausten 1989 (Voss Jeger- og Fiskarlag 1989).
Stiftelsen Voss klekkeri
Stiftelsen Voss klekkeri vart skipa i mai 1990. Fylgjande lag og organisasjonar vart med i stiftelsen; Bolstadelva grunneigarlag, Bulken og Evanger elveeigarlag, Fadnes og Mestad elveeigarlag, VJF, Voss kommune og BKK. I 2001 vart stiftelsen utvida med Voss Grunneigarsamskipnad og Evanger Sportsfiskarlag.
Pålegg og utbetringar på klekkeriet / karantenestasjon hausten 1990
På grunn av furunkulose vart Stiftelsen Voss klekkeri pålagt å bygge karantenestasjon for stamfiskane (Voss Jeger- og Fiskarlag 1990). Klekkerennene måtte ombyggjast slik at det vart eige vassinntak/uttak for kvar fisk. Karantenestasjonen vart etablert i ein tunnel ved Rognsfossen kraftverk. Her fekk vi plassert 10 stamfiskar. Voss klekkeri nytta vatn frå turbinrøyret til kara. Befruktning og desinfeksjon av rogn vart utført i eiga brakke. Denne karantenestasjonen var ikkje god nok driftsmessig. Vassinntaket var usikkert og fleire store nestenulukker vart avverga i siste liten. Vi såg difor etter andre løysingar som kunne ivareta nødvendig sikkerheit både driftsmessig, og etter sjukdomsforskrifter.
Innlandsaure, rein / urein avdeling frå 1995
Fylkesveterinæren stilte krav om at fjellaureyngel måtte fórast opp i eige rom, skild frå anadrom fisk. For å imøtekoma desse krava måtte Voss klekkeri skaffe nytt eigna lokale. Det gamle lukehuset til Voss og Omland Energiverk sto tomt etter at ny kraftstasjon vart etablert. Voss og Omland Energiverk gav løyve til å nytte dette rommet. Fylkesveterinæren og fylkesmannen støtta planane. I dette rommet kunne eksisterande vassinntak nyttast. Det måtte leggjast ny vassleidning frå klekkeriet til lukehuset. I lukehuset var det plass til 3 kar. Dette gav moglegheit for oppfóring av 20000 1-somrig innlandsaure. Lukehuset kan nyttast til stamfisk etter at innlandsauren er sett ut.
I 1995 vart klekkeriet og fóringshallen utbetra med smittesperre. Om hausten, i samband med stamfiskhald og stryking, vart fóringshallen urein avdeling, og klekkeriet rein avdeling. Stamfisk og rogn kunne vera i same huset. Heile prosessen kring stamfiskhald og stryking vart difor vesentleg betra.
Tilbygg / nytt kontor 1999
Voss klekkeri hadde etter kvart trong for meir kontorplass. Dette vart planlagt og bygd i 1998/99. Her vart to nye kontorplassar, og i 1.etage fekk det større inngangsparti og garderobe.
Henta frå Utredning 2004-7 frå Direktoratet for Naturforvaltning. Sjå heile rapporten her: http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=1009608&language=0
|